Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Artistane våre i 2008:

Boban i Marko Markovic Orkestar

boban

Boban Markovic stammar frå ei lang rekkje sigøynarmusikarar, og vart fødd i den vesle byen Vladicin Han i Sør-Serbia, midt i kjerneområdet for den serbiske brass-kulturen. Det vert sagt at det ikkje finst ein sigøynar i området som ikkje kan traktere eit messinginstrument, og av alle desse vert Boban Markovic kalla kongen. Heime i Serbia er han nasjonalhelt, og orkesteret hans har vunne tallause prisar, mellom anna på den enorme brassfestivalen i byen Gucha. Men Boban Markovic Orkestar har også klart å få stor internasjonal merksemd ved å eksperimentere med andre sjangrar som jazz, latino, funk og pop, alltid med tradisjonsmusikken i botn. Den internasjonale pressa er full av lovord, og orkesteret har i dag speleoppdrag over heile Europa. Nyleg stod dei for den musikalske opninga av den første semifinalen i Melodi Grand Prix. I dag har Boban sin 18 år gamle son, Marko, teke over leiinga av bandet, og dermed skulle også framtida vere sikra.

Velkommen til eit musikalsk fyrverkeri i Gata på Evanger!

boban

Dette seier den internasjonale pressa om bandet:

"With nods to klezmer, jazz, Latin and deep-fried funk injected into the mix, the Boban Markovic Orkestar know where their music's been but they're hell-bent on sling-shotting it straight into the future."
Global Rhythm 06/2004
"There was a worthy ringer on the bill: the Boban Markovic Orkestar from Serbia. Its songs were pure propulsion: drumbeats as relentless as a machine and horn arrangements that could sound like a silver-toned chorale, a soul horn section or a choreographed brawl. Solos sprinted through the melee. It was dance music that was almost brutal in his gleeful efficiency."
The New York Times
"The most noticable thing about Markovic’s music is the energy…"
The Boston Globe 09/2004

 

Gipsy Tunes

gipsytunes

Orkestret Gipsy Tunes (tidl.Opre Roma) vart stifta hausten ´99 av ei rekkje norske, ungarske og bosniske entusiastar i Bergen, som ynskte å fremje det europeiske Romanifolket sine musikktradisjonar i eit land der denne musikken er i ferd med å gå i gløymeboka. Ingen av medlemmane i orkesteret har sigøynarbakgrunn, men det er med djup respekt for romanifolket si musikalske historie at dei ynskjer å framføre si tolking av denne folkemusikken, og dei er ikkje så reint lite stolte over å kunne kalle seg for eit sigøynarorkester. Gipsy Tunes mottok i 2001 Bergen Kommunes kulturstipend.
Gipsy Tunes er ein svært sammensveisa gjeng, både på det personlege og musikalske plan, og fleire av orkesterets medlemer kjenner godt til sigøynerkultur og -musikk frå sine heimland på Balkan. I dag kjem musikken deira til uttrykk gjennom instrumenta; gitar, tambura, fiolin, kontrabass, tamburin og vokal.

 

Fliflet/HamreFliflet/Hamre

Fliflet/Hamre er eit orkester som verkeleg er noko for seg sjølv. Med trekkspel og trommesett har Gabriel Fliflet og Ole Hamre skapt ein heilt eigen stil som har begeistra både publikum og kritikarar.
Fliflet/Hamre fører saman musikk av ulikt opphav og skaper sitt eige, personlege landskap. Leikelyst og innleving står sentralt, og det meste kan skje: Rå balkantonar vert slynga ut mellom svenske religiøse folketonar, jødiske tristesser og hardtsvingande festmusikk frå Texas. Publikum vert drege med på vêrbitt norsk allsong - og Harald Sæverud havnar på 9-takts-kalas hjå serbiske sigøynarar.

Gruppa er kjent for sitt tette og dynamiske samspel, og har opptrådt på eit stort antal skandinaviske festivalar; mellom anna på jazzfestivalane Molde, Kongsberg og Vossa Jazz, Førde og Falun internasjonale folkemusikkfestivalar, Skagenfestivalen og i Finland, Tyskland, Belgia og Skottland.


DJ Prinsen Paulista

BBP For to år sidan starta Svein Erik Håkonsen, aka. DJ Prinsen Paulista, opp med Balkan Beat Party på Pakteratret i Oslo, saman med to kollegar. Dei meinte at dei rå, sprudlande Balkan-rytmane eigna seg perfekt til fest og moro. Dei hadde rett. Responsen var enorm, og Balkan Beat Party har sidan vore eit av dei mest originale og populære innslaga i klubbjungelen i Oslo. Håkonsen er i dag etterspurd over heile Skandinavia, og har arrangert balkanklubbar bl.a. i Bergen og Gøteborg.

 

Krohnengen Brass Band

Krohnengen Brass Band (KBB) kjem frå Sandviken, i hjartet av Bergen, og er eit av landets leiande elitekorps innan brassband. KBB er eit korps med medlemmar fra 17 til 42 år. Hovedtyngden av medlemmane kjem frå Bergen, men dei rekrutterer ungdom frå heile landet som kjem til Bergen for å studere. Felles for alle desse er at dei har brassmusikk på eit svært høgt nivå som hobby.
Målsettinga for KBB er å gjere brassbandmusikk tilgjengeleg for eit større publikum. Dette vert gjort gjennom stor musikalsk aktivitet, i inn- og utland. Konsertar og turnear står sentralt. Korpset deltek òg i konkurransar nasjonalt og internasjonalt og har markert seg godt dei siste åra, mellom anna med 2. og 3. plass i NM for brass dei to siste åra.
På Evanger vil KBB framføre eit underhaldande program med arrangement av balkansk og norsk folkemusikk.

 

Bergen Internasjonale Folkedansklubb
m/ Elisabeth Vannebo Band

Bergen Internasjonale Folkedansklubb blei stifta i 1975, og kan sjå tilbake på over 30 år med høg aktivitet. Dei siste 16 åra har dei helde til i Fensal i Kong Oscarsgt., der Bergen Internasjonale Kultursenter (BIKS) no held til. BIF har i dag ca 120 medlemmar. Dei arrangerer fire kurs, har to oppvisningsgrupper, og eit kor. På Evanger skal dei framføre folkedansar frå ulike delar av Balkan, akkompagnert av eit sprudlande ensemble leia av tubaisten Elisabeth Vannebo.

 

Badnabalkan:

Familiesirkuset Hoppla

Familiesirkuset Hoppla presenterer ei forestilling for born i alle aldrar spekka av jøgleri, klovnefakter og andre sirkuskunstar på høgt nivå.

 

Feleteateret Hjerte-Smerte

Kom og sjå og høyr den spennande historia om prinsessa og jakta på hjerte-smerte - kakene. Med utgangspunkt i folke-eventyr og nokre mystiske kaker frå Balkan vil teatergruppa lose oss gjennom ein spennande halvtime. Passar for alle frå ca 5 år.

Feleteateret er ei nyskaping innanfor barneteater spesielt for Balkanfest-Evanger.
Maya M  Abbedissen er utdanna dramapedagog og har etter kvart lang røynsle frå barneteater og revyarbeid i Vossa-området. Med seg har ho to rasande flinke musikarar på fele og gitar.

 

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger