Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Boban i Marko Markovich Orkestar

Dei som fekk med seg dei to konsertane med Boban i Marko Markovic Orkestar på fjorårets Balkanfest skjønte knapt kva som hadde truffe dei. Boban, Marko og deira menn spelte så det ljoma i Evangerfjella, og ingen som høyrde på klarte å stå i ro. Og kongen av balkanbrass likte seg så godt på Evanger at han kjem tilbake også i år. Då må vi berre komme med denne oppfordringa: Nytt  sjansen til å få høyre verdas beste balkan-brassband!BobanMarko

Boban Markovic stammar frå ei lang rekkje sigøynarmusikarar, og vart fødd i den vesle byen Vladicin Han i Sør-Serbia, midt i kjerneområdet for den serbiske brass-kulturen. Det vert sagt at det ikkje finst ein sigøynar i området som ikkje kan traktere eit messinginstrument, og av alle desse vert Boban Markovic kalla kongen. Heime i Serbia er han nasjonalhelt, og orkesteret hans har vunne tallause prisar, mellom anna på den enorme brassfestivalen i byen Gucha. Men Boban Markovic Orkestar har også klart å få stor internasjonal merksemd ved å eksperimentere med andre sjangrar som jazz, latino, funk og pop, alltid med tradisjonsmusikken i botn. Den internasjonale pressa er full av lovord, og orkesteret har i dag speleoppdrag over heile Europa og i USA. Dette sa New York Times om bandet: "There was a worthy ringer on the bill: the Boban Markovic Orkestar from Serbia. Its songs were pure propulsion: drumbeats as relentless as a machine and horn arrangements that could sound like a silver-toned chorale, a soul horn section or a choreographed brawl. Solos sprinted through the melee. It was dance music that was almost brutal in his gleeful efficiency."  I dag har sonen Marko teke over leiinga av bandet, og dermed skulle også framtida vere sikra.

Velkommen til eit musikalsk fyrverkeri i Gata på Evanger!

Besetning:
Boban Markovic –
flugelhorn, vokal
Marko Markovic – trumpet, vokal
Sasa Jemcic – flugelhorn
Srdjan Spasic – flugelhorn
Dragan Kocic – flugelhorn
Dragoljub Eminovic – tenor horn  
Isidor Eminovic – tenor horn
Asim Ajdinovic – tenor horn
Goran Spasic – tenor horn
Mustafa Salimovic – helicon
Sasa Stanojevic – perkusjon
Aleksandar Stosic – perkusjon 
Nedzat Zumberovic – stortromme

Boban i marko Markovitch på MySpace

(til program)

(til artistoversikt)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger