Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Farmers Market

Årets vinnar av spelemannsprisen i open klasse kjem til Balkanfest Evanger! Me kan love heftig balkanmusikk blanda med det meste anna, i eit forrykande tempo, med ein solid dose humor og speleglede på toppen.

Farmers Market vart starta i 1991 av ein gjeng studentar ved Jazzlinja i Trondheim. Dei starta som ei frijazzgrupe, men tok raskt ei heilt anna musikalsk retning. Dei oppdaga den bulgarske folkemusikken med sine ujamne taktartar, orientalske skalaer og rå, energisk improvisasjon. Sidan då har musikken deira utvikla seg til å bli ein mix av balkansk folkemusikk, jazz, rock, pop, virtuos teknikk, stor energi og ikkje minst masse humor!farmersmarket

Platene Speed/Balkan/Boggie (1995), Musikk fra Hybridene (1997), Farmers Market (2000) og Surfin' USSR (2008) har alle hausta strålande kritikkar nasjonalt og internasjonalt. Bandet har blant anna samarbeida med jazz-ikonet Michael Brecker, samt ei rekkje musikarar frå Bulgaria og tidlegare Jugoslavia. Dei har spelt på dei fleste store norske musikkfestivalane og fleire store internasjonale jazz-festivalar som  North Sea Jazzfestival (Amsterdam, 2004) og Berliner Festspiele (2005). Tidlegare i år vann dei Spelemannsprisen i open klasse for plata  Surfin' USSR.

Gled deg til å høyre balkanmusikk blanda med det beste frå alle andre sjangrar, og ei soldid dose musikalsk gjøgleri med Noregs beste liveband!

Besetning:
Stian Carstensen – trekkspel, kaval, gaida, baritone-gitar, pedal steel, banjo og vokal
Nils-Olav Johansen – gitar og vokal
Trifon Trifonov – altsaksofon og klarinett
Jarle Vespestad – trommer
Finn Guttormsen – bass

Farmers Market på MySpace

(til program)

(til artistoversikt)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger