Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Festivalrapport -

Balkanfest Evanger 28.-30.august!

(vil bli oppdatert fleire gongar iløpet av festivalen)

Evanger, Balkan, Verda!

Farmers Market Farmers Market

Konsertkvelden starta med spellemannsprisvinnarane Farmers Market. Den kjende multimusikaren Stian Carstensen stod i spissen for eit sprudlande orkester som balanserte trua taktartar med rå, energisk improvisasjon. Verdsmusikarane gjorde stort inntrykk på publikum. - Carstensen tryllar fram tonar. Gje han ein stokk, og han lagar musikk!, utbraut ein begeistra tilhøyrar.

Farmers Market

Så kom det mange hadde venta på: Verdsstjernene i Marko Markovic Orkestar entra scena med sitt musikalske fyrverkeri.

Marko

Heltane fyrte av den eine ompasalva etter den andre, og spelte så det høyrdest heile vegen til Gucha. Den smittande energien frå orkesteret gjorde det reint umogleg å stå i ro. Publikum kasta seg i ellevill jubel og dans. Det er ikkje utan grunn Markovic har vunne tallause prisar. Denne gjengen kan balkanbrass!

Dans

Dansemusikk vart det òg etter at Marko og hans menn hadde gått av scena og DJ Prinsen Paulista overtok lydbiletet. Denne DJ'en har spesialisert seg på den balkanske musikken, og fekk god uttelling for konseptet sitt i den regnvåte augustnatta på Evanger. Applausen og kravet om fleire låtar ville ingen ende ta då Prinsen til slutt takka for seg.


Fengslande loppesirkus

Madam

Madame Masjenka sitt loppesirkus er av dei sjeldne. Med enkle verkemiddel - eit minisirkustelt og ei reisekasse - skapar ho eit fortryllande univers. Rundt 200 små og store sat som klistra då Madam'en kom til Evanger laurdag ettermiddag. Ved hjelp av ei bok så stor som eit vindauge og eit magisk pulver, trylla ho fram den største loppa nokon av oss har sett.

Madam

Det Masjenka kanskje ikkje hadde rekna med, var at loppa skulle vere så uregjerleg... Ikkje ville ho klatre, og ikkje ville ho hoppe. - Tjukka-loppa hoppa, prøvde sirkusdirektøren seg på, utan stor nytte. Heller ikkje popcorn eller andre lokkemiddel fekk loppa til å gjere som Madame Masjenka ville. Tvert imot såg det heller ut som loppa fekk meir og meir styr på direktøren!

Madam


Forestillinga vara ein liten time, med stadige applausar og fullt engasjement i salen. Balkanfest Evanger feirar eit svært vellukka arrangement for borna!

Madam


 

No er det fest!

Dag eller natt, sol eller regn - på Evanger spelar det inga rolle. Laurdag føremiddag braka det laus i festivalbygda, med parade, offisiell opning og knallkonsert.

Opning

Erdogan Orkestar og omlag 30 skulemusikantar stod for den offisielle starten av Balkanfest Evanger 2009. Etter å ha varma opp med workshop og konsert dagen før, var parademusikantane i god form denne feststemte føremiddagen. Sjølvaste festivalgeneral Jørn Styve heldt opningstalen, der han ønskte alle mykje moro og gode konsertopplevingar. Så kom det mange har gledd seg til heilt sidan i fjor: Første konsert med Boban i Marko Markovic Orkestar. Og heltane innfridde alle ønskje. Orkesteret heldt ein forrykande opningskonsert, til stor glede og lystig dans for alle frammøtte.

Marko

Marko


Erdogan Orkestar XXXL


Erdogan XXXXL
Fredag kveld bles Erdogan Orkestar i gong snikopninga av Balkanfest Evanger 2009. - I kveld får me hjelp frå mange fantastiske ungar frå "trakten", jubla Otis Sandsjö frå scena. - Me har jobba i 2,5 timar i dag, så gi ein varm applaus til Erdogan Orkestar XXXL! Det 9-manns store orkesteret hadde med seg eit femtitals speleglade born frå Voss, Vaksdal og Lindås. Den store gjengen hadde alle delteke på workshop med bandet same ettermiddag. - Det blei mykje repetisjon for å få det bra til, fortel Sondre Eidsheim Kvingedal (13) frå Lindås, solist for kvelden. - Eg er van med gode brassmusikarar, men dei er ikkje så verst desse heller, legg han til med eit smil. Og resultatet vart ikkje så verst det heller, XXXL imponerte stort!

Erdogan med solist

Etter felleskonserten fortsette Erdogan Orkestar festen sjølve. Fengande festmusikk frå Balkan er vanskeleg å motstå, og alt frå småborn til bestemødre i rullator let seg rive med. Kvelden blei ein jubelstart på det som skal bli ei makelaus festivalhelg.
Erdogan
Neste punkt på festivalprogrammet er offisiell opning og parade laurdag formiddag, der både XXXL og andre verdsstjerner leier an. Kom og bli med!

Erdogan

Små og store svinga seg til Erdogan

 

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger