Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Artistar 2010

Srdjan Azirovic Orkestar

Serbisk trubaci-fest!

For tredje år på rad har Balkanfest gleda av å presentere eit vaskekte trubaci-band (messingorkester) frå landsbygda i indre Serbia. Dei som fekk med seg konsertane med Boban Markovic Orkestar på dei to føregåande festivalane, veit at kombinasjonen av gjallande trompetar i halsbrekkande fart, piska fram av slagverk og drivande bass og tenorhorn, bokstaveleg talt kan gje deg bakoversveis og trong til å kaste deg ut i dansen. (meir..)

Süperstar OrkestarSüperstar Orkestar

...er noko så sjeldant som eit heilsvensk balkan-brassband frå Stockholm. Bandet er sett saman av musikarar med solid utdanning og brei erfaring innan klassisk, jazz og folkemusikk etc., men lat deg ikkje lure: Süperstar er eit ekte Trubaci-band, med trøkk, driv og ikkje så reint lite balkansk villskap! (meir..)

Ludo ludovariasjonar

Norsk og balkansk folkemusikk hand i hand.
Korleis ville ein makedonsk danselåt eller ein gresk folkesong høyrast ut på hardingfele? Dette er kanskje ikkje noko du har lurt mykje på, men Ludo har svaret likevel. Dei serverer balkanske og norske folketonar i nye og friske arrangement, framført med glimt i auga og tett og intimt samspel.(meir..)

BengaloBengalo

Vill og yr! På romani er det nettopp det Bengalo betyr, og namnet står godt til musikken deira. (meir..)

RakijaRakija

Rakija er eit balkanband utenom det vanlege. Men det er også navnet på det vidkjende balkanske brennevinet. Begge utgåvene av rakija vil varme deg langt inn i sjela, og gje deg ei uuthaldeleg trong til å danse, danse, danse! (meir..)

Guro von GermetenGuro von Germeten

.....og det raude trekkspelet hennar møttest for første gong for to år sidan. Det var kjærleik ved første blikk, og sidan har det oppstått mykje søt, og bitter, musikk. (meir...)

Dj Prinsen Paulista

DJ Prinsen Paulista

DJ Prinsen Paulista rundar av festkvelden med musikk
du berre MÅ danse til! (meir)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger