Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Ludo ludovariasjonar

Norsk og balkansk folkemusikk hand i hand.

Korleis ville ein makedonsk danselåt eller ein gresk folkesong høyrast ut på hardingfele? Dette er kanskje ikkje noko du har lurt mykje på, men Ludo har svaret likevel. Dei serverer balkanske og norske folketonar i nye og friske arrangement, framført med glimt i auga og tett og intimt samspel. Gruppa vart starta i 2003, men dei tre allsidige musikarane har lang erfaring frå sine felt. Hardingfelespelar Steinar Rygg er ein av dei fremste spelemenna i distriktet, med ei rekkje topplasseringar på Landskappleiken og fleire plateinnspelingar bak seg. Bassist Magne Thormodsæter er ein av dei mest nytta frilansmusikarane i Bergen, først og fremst innan jazz (m.a. som fast bassist i Bergen Big Band), men også innan pop, rock og folkemusikk, og Åsmund Espeland er ein allsidig gitarist med bakgrunn frå både jazz, klassisk og rock, m.a. bandet Yggdrasil.

I tillleg til konsertar i Noreg har Ludo medverka på konsert under Beijing Traditional Music Festival i oktober 2009. Dei slapp si første plate, Ludovariasjonar  under landskappleiken på Voss i sommar.

(til program)

(til artistoversikt)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger