Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Srdjan Azirovic Orkestar

Serbisk trubaci-fest!

For tredje år på rad har Balkanfest gleda av å presentere eit vaskekte trubaci-band (messingorkester) frå landsbygda i indre Serbia. Dei som fekk med seg konsertane med Boban Markovic Orkestar på dei to føregåande festivalane, veit at kombinasjonen av gjallande trompetar i halsbrekkande fart, piska fram av slagverk og drivande bass og tenorhorn, bokstaveleg talt kan gje deg bakoversveis og trong til å kaste deg ut i dansen.

Srdjan Azirovic Orkestar er eit framadstormande band, med ei imponerande merittliste og lange røter tilbake i tid. Leiinga av orkesteret har gått i arv frå far til son, og Srdjan er tredje generasjon Azirovic ved roret. Sidan Srdjan tok over i 1995 har bandet utvikla seg til å bli eit av dei leiande i Serbia. Dei har vunne prisar ved ei rekkje festivalar, mellom anna den prestisjetunge "Gylne Trompet" under Guca-festivalen. I 2002-2003 laga dei filmmusikk til tre kjende serbiske filmar, noko som gav dei anledning til å turnere i m.a. Austrerrike, Slovenia, Bulgaria, Kroatia, Makedonia, Frankrike, Noreg og Australia. 

Srdjan Azirovic Orkestar spelar både på mellom 13.30 og 20.00, og kl 22.30 laurdag 28. august!

(til program)

(til artistoversikt)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger