Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Guro von Germeten

Guro von Germeten trollband balkanfest-publikummet med
ein magisk konsert i Evanger Kyrkje i fjor. Den gongen
hadde ho berre med seg det raude trekkspelet sitt. I år stiller ho med fullt
band på festivalscena. Få med deg ei konsertoppleving utanom det vanlege, frå
ein av landets mest originale og spanande artistar! 

Guro og det raude trekkspelet hennar møttest for første gong for tre år sidan. Det var kjærleik ved første blikk, og sidan har det oppstått mykje søt, og bitter, musikk. Guro er sterkt inspirert av fransk kabaretmusikk og gamle heltar som Jaques Brel og Edith Piaf, og musikken hennar er både munter, bitter og lidenskapeleg på same tid. Hennar kjensleladde Chansons med innslag av drivande balkanske taktartar og klezmermelodiar vil røre deg innerst i sjela.

Sidan sist ho var på Balkanfest, har Guro von Germeten gjeve ut sitt første soloalbum,«Bad dreams and Good Nightmares», som har fått svært god mottaking i nasjonal og internasjonal presse. Særleg har ho truffe konsertpublikumet i Tyskland og Austerrike, og hausta strålande kritikkar. I tillegg har ho denne våren reist rundt med skuleforestillinga «Rubinrøde trekkspill og Balkan Bluesette», saman med Solfrid Molland.

Guro von Germeten på MySpace.

(til program)

(til artistoversikt)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger