Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Ralitsa og Thrace

Bulgaria har ein unik tradisjon for korsong som ein ikkje finn nokon annan stad i verda. Den tradisjonelle kormusikken strekkjer seg hundrevis av år tilbake i tid, men inneheld blant anna ein kompleks harmonikk som ein må lang inn på 1900-talet for å finne i vestleg musikk. Musikken kan skildrast som mystisk, dramatisk og svært uttrykksfull. På mange måtar speglar han kulturen og den dramatiske historia til området han kjem ifrå.

Ralitsa er ei solistgruppe frå «Angelite», som kanskje er Bulgaria sitt fremste damekor. Dei har sunge over heile verda, mellom anna i Vatikanet, på Den Raude Plass i Moskva og under Nobelpris-utdelinga i Stocholm. Med seg har dei instrumentalgruppa Thrace; tre fantastiske musikarar frå vidgjetne «Bulgarian National Radio Folk Orchestra», eit av verdas mest annerkjende folkemusikk-ensemble. Balkanfest er stolte over å kunne presentere ein konsert med musikarar i absolutt verdsklasse, og ein musikk som altfor sjeldan vert hørt i Noreg.   

Ralitsa
Elka Ivanova Simeonova
– vokal
Stoimenka Todorova Outchikova-Nedialkova - vokal
Yuliya Peneva Koleva - vokal
Nadya Yordanova Vladimirova – vokal

Thrace
Nedyalko Atanasov Nedyalkov
– kaval
Peyo  Peev Trendafilov - gadulka
Angel Valchev Dimitrov - gitar

(til program)

(til artistoversikt)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger