Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Fanfare Vagabontu

Nok ein gong tek Balkanfest imot eit timanns messing-orkester frå hjartet av Balkan, og nok ein gong er det duka for heidundranes festmusikk, med trøkk, tempo og volum få andre band kan matche. Du kjem ikkje til å klare å stå stille!

Fanfare Vagabontu spelte sin første offentlege konsert på Festival du Soleil Marseille i juni 2005. Bandet har base i Frankrike, men samtlege medlemmar stammar frå landsbygda i Moldova, der det å lære seg å spele eit messinginstrument er like naturleg som å lære seg å sykle. Messinginstrumenta kom til Balkan på slutten av 1800-talet, då det Ottomanske imperiet invaderte området i sin offensiv mot Austerrike-Ungarn, og hadde med seg sine militærkorps. Då krigen var slutt blei mange av instrumenta igjen, og lokalbefolkninga utvikla ein særeigen spelestil tilpassa  den tradisjonelle folkemusikken. Resultatet er ein musikk med enorm energi og virtuositet, perfekt for ein folkefest i slutten av august.

Fanfare Vagabontu speler jamnleg på klubbar, konsertscener og festivalar rundt over heile Europa, og vert sett på som eit av dei beste banda innan sjangeren. I 2009 hausta dei stor merksemd for sitt soundtrack til Nintedo Wii-spelet «Rabbids Go Home».

(til program)

(til artistoversikt)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger