Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Boban i Marko Markovic OrkestarBoban Marko

Kongen av balkanbrass er attende på Evanger! Balkanfest Evanger har mykje å takke Boban Markovic Orkestar for. Musikken deira var med på å gje inspirasjon til å skipe festivalen, og konsertane deira på Evanger i 2008 og 2009 går det framleis gjetord om. Då skulle det vel berre mangle at brass-virtuosane frå Sør-Serbia kjem attende og spreier den musikalske magien sin over femårsjubileet for Balkanfest!

Boban Markovic stammar frå ei lang rekkje sigøynarmusikarar, og vart fødd i den vesle byen Vladicin Han i Sør-Serbia, midt i kjerneområdet for den serbiske brass-kulturen. Det vert sagt at det ikkje finst ein sigøynar i området som ikkje kan traktere eit messinginstrument, og av alle desse vert Boban Markovic kalla kongen. Heim i Serbia er han nasjonalhelt, og orkesteret hans har vunne tallause prisar, mellom anna på den enorme brassfestivalen i byen Gucha. Men Boban Markovic Orkestar har også klart å få stor internasjonal merksemd ved å eksperimentere med andre sjangrar som jazz, latino, funk og pop, alltid med tradisjonsmusikken i botn. Den internasjonale pressa er full av lovord, og orkesteret har i dag speleoppdrag over heile verda. Dette sa New York Times om bandet: "There was a worthy ringer on the bill: the Boban Markovic Orkestar from Serbia. Its songs were pure propulsion: drumbeats as relentless as a machine and horn arrangements that could sound like a silver-toned chorale, a soul horn section or a choreographed brawl. Solos sprinted through the melee. It was dance music that was almost brutal in his gleeful efficiency."  I dag har sonen Marko teke over leiinga av bandet, og dermed skulle også framtida vere sikra.

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger