Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Brazzooka

Dei kjem verken frå Bulgaria, Serbia eller Kroatia. Dei stammar ikkje frå romfolket, og har ikkje via store delar av livet til forskning på utryddingstrua taktartar. Instrumenta deira er ikkje klenodium arva ned frå far til son gjennom tallause generasjonar, og brorparten av dei har verken opplevd djupt ulukkelege kjærleikstragedier eller krig. Det dei derimot er, er sju ungdommar frå Sunnhordland som med sin opprørar-jazz groovar hardare enn dei fleste på denne sida av Atlanteren. Mange vil meine at det er minst like eksotisk!

BrazzookaBrazzooka er eit riot jazz-band med medlemmer i alderen 15-21 år frå Kvinnherad og Stord i Sunnhordland. Gruppa starta opp hausten 2009, og komponerer mykje av musikken sjølve. Dei har sidan starten vorte stadig meir etterspurde som liveband, og har mellom anna spelt på Byscenen i Trondheim, Bjergstedparken i Stavanger, Sildajazzen i Haugesund, Canal Street Jazz Festival i Arendal. Den særeigne besetninga med to trompetar, to trombonar, basstrompet, sousafon og slagverk, gjev bandet eit unikt uttrykk og sound. Musikken deira, riot jazz (opprørsk jazz) blandar elemeter frå tradisjonell New Orleans-jazz, funk, rock, blues, hiphop og latin. Riot jazz, kombinert med 6 blåseinstrument og en slagverkar gjev deg Brazzooka!

Slik som du ser bandet i dag har dei vore siden sommaren 2012. Det er 7 musikarar totalt, 6 blåsarar og 1 slagverkar.

Brazzooka:
Anders Bennæs - Trompet
Elisabeth N Fylkesnes - Trompet
Marius L Torjusen - Marching Baritone
Tobias L Torjusen - Trombone
Bjørn Naterstad - Trombone
Alf Erik N Flykesnes - Slagverk
Sebastian L Torjusen - Sousafon

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger