Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Diskoteca Yugostyle

Diskoteca YugostyleFoto: Hannes O.Thedin(2011)

Start med ein god slump balkansk bryllaupsmusikk, bland så inn ein solid skvett klubb-beats og krydre det heile med litt strigla boyband, og vips så har du to ting: Diskoteca Yugostyle og ein heidundranes fest!

Det heile starta i 2003, då ein gjeng svenske unge musikarar danna bandet Hojfen Balagan. Inspirerte av den tradisjonelle balkanske brassmusikken, bygde dei seg opp frå eit reint bryllaupsband til å bli eit etter kvart legendarisk live-band, med konsertar på ei rekkje klubbar og festivalar i inn- og utland. 300 konsertar og fleire internasjonale turnear seinare, er dei klare til å ta det heile eit steg lenger under nytt namn: Diskoteca Yugostyle! Ved å hente inspirasjon frå meir tradisjonelle balkan-brassband som Boban i Marko Markovic Orkestar og Fanfare Ciocarlia og miksa dette med klubb-fenomen som Shantel, Balkan Beat Box og O.M.F.O., lagar dei moderne, fengande balkanmusikk som garantert får deg til å danse!

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger