Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Gabriel Fliflet og Benedicte Maurseth m. gjest: Nils Økland

Ein moden mann med rytmisk poesi i trekkspelet og ei stemme med nærvær. Ei ung kvinne med hardingfele og mørk altstemme. Gabriel Fliflet og Benedicte Maurseth spelar og syng melodiøse songar om vind, sjø og jenter, rullande valsar frå Hardanger og Bergen, og livlege, ordlause melodiar i gladlynte minoritetsrytmar! Denne gongen er det særleg dei sistnemnde minoritetsrytmane som får fritt spelerom, når Fliflet, Maurseth og musikalsk gjest for høvet, Nils Økland, kjem til Evanger med «Balkan Spesial»!

Kvar for seg er Gabriel Fliflet og Benedicte Maurseth to av landets mest spanande musikarar, og saman har dei hausta strålande kritikkar og hatt stor suksess med mellom anna bestillingsverket «Åresong» med tekst av Jon Fosse, til Festspela i Bergen 2010 . Fliflet er kanskje mest kjend frå den uforutsigbare duoen Fliflet/Hamre, men har også samarbeida med ei rekkje andre norske og internasjonale musikarar. Både som trekkspelar, vokalist og komponist opererer han innan mange sjangrar, og har folkemusikk frå heile Europa som sitt spesialfelt. Benedicte Maurseth vart kåra til «Årets unge folkemusiker» av Rikskonsertane i 2007. I tillegg til å beherske den tradisjonelle folkemusikken frå Hardanger, søkjer ho både framover og bakover i tid i musikken sin. Ho brukar mellom anna historiske instrument som barokkfela, medan musikken hennar har eit nyskapande poetisk uttrykk.

Nils Økland er ein svært alsidig musikar og komponist, kjend for å byggje musikalske bruer mellom folkemusikk, samtidsmusikk og jazz. Han  har gjort ei mengde innspelingar, både med eigne grupper og saman med andre norske artistar og band, som t.d. Christian Wallumrød Ensemble, Supersilent, Berit Opheim, Kari Bremnes og mange fleire. Økland var i seks år leiar for Ole Bull-akademiet.)

Gabriel Fliflet – trekkspel, song
Benedicte Maurseth – hardingfele, viola d'amore, song
Nils Økland - fele

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger