Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Artistar 2012

Boban i Marko Markovic OrkestarBoban Marko

Kongen av balkanbrass er attende på Evanger! Balkanfest Evanger har mykje å takke Boban Markovic Orkestar for. Musikken deira var med på å gje inspirasjon til å skipe festivalen, og konsertane deira på Evanger i 2008 og 2009 går det framleis gjetord om. Då skulle det vel berre mangle at brass-virtuosane frå Sør-Serbia kjem attende og spreier den musikalske magien sin over femårsjubileet for Balkanfest! (meir..)

Gabriel Fliflet og Benedicte Maurseth m. gjest: Nils Økland

Ein moden mann med rytmisk poesi i trekkspelet og ei stemme med nærvær. Ei ung kvinne med hardingfele og mørk altstemme. Gabriel Fliflet og Benedicte Maurseth spelar og syng melodiøse songar om vind, sjø og jenter, rullande valsar frå Hardanger og Bergen, og livlege, ordlause melodiar i gladlynte minoritetsrytmar! Denne gongen er det særleg dei sistnemnde minoritetsrytmane som får fritt spelerom, når Fliflet, Maurseth og musikalsk gjest for høvet, Nils Økland, kjem til Evanger med «Balkan Spesial»! (meir..)

Brazzooka

BrazzookaDei kjem verken frå Bulgaria, Serbia eller Kroatia. Dei stammar ikkje frå romfolket, og har ikkje via store delar av livet til forskning på utryddingstrua taktartar. Instrumenta deira er ikkje klenodium arva ned frå far til son gjennom tallause generasjonar, og brorparten av dei har verken opplevd djupt ulukkelege kjærleikstragedier eller krig. Det dei derimot er, er sju ungdommar frå Sunnhordland som med sin opprørar-jazz groovar hardare enn dei fleste på denne sida av Atlanteren. Mange vil meine at det er minst like eksotisk! (meir..)

Diskoteca Yugostyle

Diskoteca YugostyleStart med ein god slump balkansk bryllaupsmusikk, bland så inn ein solid skvett klubb-beats og krydre det heile med litt strigla boyband, og vips så har du
to ting: Diskoteca Yugostyle og ein heidundranes fest! (meir..)

Kyrkjekonsert: Aasne Valland Nordli, Nils Økland og Sigbjørn Apeland

AasneVallandNorliAasne Valland Nordli er ei av landets fremste og mest særeigne stemmer. På denne intime konserten i Evanger Kyrkje vil me få høyre religiøse folketonar frå Noreg og Romania. Med seg på laget har Aasne to svært erfarne og nyskapande skikkelsar innan folkemusikkmiljøet, Nils Økland og Sigbjørn Apeland. (meir..)

NovgorodNovgorod

Det er  på tide at nokon leverer musikken som luktar av tømmervegger i solsteiken, og syder av tjørn og myrer. Det er på tide at nokon gjev oss musikken frå låge trebyar ved Austersjøen, frå hovudlause vodkafestar med saltagurk, honning og smetana i etterkrigstida sine nye lågblokker. Nokon må no komme med den fyrrige musikken som rann ut frå kabaretlokalet, som flaut opp frå dansebana ved elva. Og valsane; verda vakraste…

Oslo Brass Band

OBBOslo Brass Band er eit ungt og spanande ensemble som held til i Oslo. Sidan skipinga i 2001, har ensemblet hatt som mål å kunne tilby ei inspirerande, utøvande arena for musikkpedagogar, frilansarar, musikkstudentar og gode amatørar i byen. I tillegg til å stå for årets balkan-workshop for unge musikantar, vil ei gruppe frå bandet presentere ein konsert med underhaldnings- og folkemusikk frå heile Europa! (meir..)

Dj Prinsen Paulista

DJ Prinsen Paulista

DJ Prinsen Paulista rundar av festkvelden med musikk
du berre MÅ danse til! (meir)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger