Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Kyrkjekonsert: Aasne Valland Nordli,
Nils Økland og Sigbjørn Apeland

AasneVallandNorliAasne Valland Nordli er ei av landets fremste og mest særeigne stemmer. Ho starta som lita jente å synge folketonar, og lærte kveding av Steffen Eide, Margrete Opheim og Sondre Bratland. Allereie som 15-åring byrja ho å undervise på Ole Bull-akademiet, og 16 år gamal turnerte ho som solist med Bergen Filharmoniske Orkester. Ho har gjeve ut fleire soloplater i tillegg til å ha samarbeid med ei rekkje profilerte musikarar innan forskjellige sjangrar.

Frå 1998 til 2003 budde Aasne saman med familien i den rumenske hamnebyen Constanta, der dei saman med lokale krefter dreiv humanitært arbeid.
På denne intime konserten i Evanger Kyrkje vil me få høyre religiøse folketonar frå Noreg og Romania. Med seg på laget har Aasne to svært erfarne og nyskapande skikkelsar innan folkemusikkmiljøet, Nils Økland og Sigbjørn Apeland.

Nils Økland er ein svært alsidig musikar og komponist, kjend for å byggje musikalske bruer mellom folkemusikk, samtidsmusikk og jazz. Han  har gjort ei mengde innspelingar, både med eigne grupper og saman med andre norske artistar og band, som t.d. Christian Wallumrød Ensemble, Supersilent, Berit Opheim, Kari Bremnes og mange fleire. Økland var i seks år leiar for Ole Bull-akademiet.

Sigbjørn  Apeland er utdanna organist, og er kjend for sitt virke i grenselandet mellom kyrkjemusikk, folkemusikk og improvisatorisk musikk. Han har spelt med ei lang rekkje musikarar inna desse sjangrane, m.a. Berit Opheim, Reidun Horvei, Per Jørgensen, Bjørn Kjellermyr, Einar Mjølsnes, Knut Hamre, Benedicte Maurseth m.fl.

Aasne Valland Nordli: song
Nils Økland: fele
Sigbjørn Apeland: orgel

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger