Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Novgorod

NovgorodDet er  på tide at nokon leverer musikken som luktar av tømmervegger i solsteiken, og syder av tjørn og myrer. Det er på tide at nokon gjev oss musikken frå låge trebyar ved Austersjøen, frå hovudlause vodkafestar med saltagurk, honning og smetana i etterkrigstida sine nye lågblokker. Nokon må no komme med den fyrrige musikken som rann ut frå kabaretlokalet, som flaut opp frå dansebana ved elva. Og valsane; verda vakraste…
Novgorod aktar å hente fram denne musikken: Musikken som er russisk, finsk, jødisk, nordsvensk og sigøynersk! Mollstemt og melankolsk. Vill og vital!


Novgorod vart danna i 2003, og har sidan spelt på mellom anna Festspela i Bergen, NattJazz, Vossajazz og ei rekkje andre festivalar. Dei fire musikarane er alle prisbelønna, og har hatt stor suksess med sine respektive band og prosjekt: Gabriel Fliflet (Fliflet/Hamre m.fl.), David Chelsom Vogt og Jørgen Sandvik (Real Ones), Kristoffer Vogt (Kniv og Taffel Swingorkester, spelt med m.a. Kaizers Orchestra og Nathalie Nordnes).

Gabriel Fliflet - trekkspill, song
David Chelsom Vogt - fele, song
Kristoffer Chelsom Vogt - kontrabass, song
Jørgen Sandvik - gitar, song

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger