Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Takketale!

BalkanfestEvanger 2012 er historie.

Den er vorte til mange historiar, eigentleg. Gode historiar om møtene mellom gjester, musikarar, musikken, dei gode luktene og den gode maten.
Men den viktigaste historien på Balkanfest, er historien om gjestfridomen på Evanger som møter verda utanfor.
At dørene, bokstavelg talt, står på vid vegg. Det er det!te som får gjester og musikarar til å smelta.

Balkanfest by night

Ein stor takk til generøse Evanger og kvar enkelt som bur der.
Og so takk til alle dei som står på, med kakebaking, rigging og alle dei tusen tinga som må gjerast før, under og etter. Utan samtlege alle dekan, ingen Balkanfest!
Takk til musikarane som kjem og gjev oss dei beste konsertane!
Og til slutt,men ikkje minst, takk til alle gjestene som tok sjangsen!

Håpar å sjå dekan alle att 30.august-1.sept 2013!!

 

Dagen før dagen...

Den fantastiske dugnadsgjengen har stått på i fleire dagar allereie. Store og små telt er på plass, og scena er klar til å ta i mot artistar frå inn- og utland. Festivalcampen er klargjort, og den vesle Knute Nelsongata er forvandla frå stille vestlandsbygd til balkansk landsby.

Dei lekre små kakene er pynta etter alle kunstens reglar, og vimplar, lampeskjermar og "klesvask" er med på å skape den rette stemninga.

I morgon er det berre å ynskje alle gjester hjarteleg velkomne til Balkanfest Evanger 2012. Opa!

Praktisk info om
Balkanfest 2012

Festivalområdet:

Festivalen føregår i den sjarmerande trehusgata midt i Evanger. Her står musikarane på scenen, her dansar du til musikken og finn nye vener, her lagar og serverar me maten du kan du kan eta deg mett på, her bur festivalgjester og artistar.
Mykje av festivalområdet er i telt, så du treng ikkje vere redd for å verta våt, men me har ikkje varme i telta, so ta med ein varm gensar, om du ikkje er av dei mest danseglade.
Kveldskonsertane er berre for dei over 18år. Det er ikkje høve til å ta med mat og drikke inn på festivalområdet, verken på dag-eller kveldstid.

Overnatting:

Festivalcampen er enkel, gratis og open for alle. Kontinuerleg tilgang til toalett og håndvaskar, og dusj til fastsette tider.
Overnattingstilbodet i sentrum er fullbooka for lengst, men Mestad Camping (4km) og Vassenden Gjestgjevarstad (10km) har framleis ledige festivalpakker.

Mat:

På festivalområdet sel me tradisjonelle kjøtrettar og kaker frå Balkan, samt øl, vin og ulike typar brus og alkoholfritt.. Fredag er det litt begrensa utval i matdisken. Nytt av året er festivalfrukost på søndag frå klokka 11.00, i tillegg til kaker og grillmat fram til kl.15.00

Transport:

Det går Festivalbuss til Voss både fredag og laurdag kveld kl.01.15.
Billett til denne kjøper du i billettbua.

Bruk gjerne offentlege transportmiddel. Både buss og lokaltog stoppar på Evanger, 250m frå festivalområdet:
Togrute Voss-Evanger fredag/laurdag/sundag
Togrute Bergen-Evanger fredag/laurdag/sundag
Bussruter Bergen-Voss/Voss-Bergen

Velkomen til Balkanfest Evanger!

SkjoraDer det er hjarterom…..

Balkanfest er glad for å kunne tilby fleire nye overnattingsmoglegheiter til årets festival.
Klikk her for meir info

Skjora på toppen av brua lovar at nytt tilbod til lause fuglar skal stå ferdig innan august....

Balkanfest Evanger 2012
går av stabelen
24. - 26. august.

Torsdag 15. desember viste NRK1 eit halvtimes langt program om festivalen, i serien "Folk". Om du vil sjå bilder, høyre musikken, og få vite meir om rammene og bakgrunnen for festivalen går du berre inn på NRK web-tv her.

Deretter legg du inn Balkanfest 2012 i kalendaren din!

Velkomen!

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger