Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Balkansangensembelet Ester

Den norske vokalgruppa Ester avrundar årets Balkanfest med vakker fleirstemt, a cappella song frå heile Balkan. Kva kan vel passe betre ein søndag føremiddag etter ei heidundrane festivalhelg?

Balkansangensembelet Ester har eksistert i 28 år og er ein del av Sandefjord Internasjonale Folkedansklubb. Gruppa har i dag åtte medlemmer fordelt på sopran, 1. og 2. alt. Dei opptrer både åleine og saman med dansegrupper, og har samarbeidd med ei rekkje andre kor og orkester. På repertoaret står vokal folkemusikk frå mellom anna Albania, Armenia, Bulgaria, Hellas, Tyrkia, Kroatia, Makedonia, Polen, Russland og Serbia. Variert, vakkert og lidenskapleg.

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger