Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Artistar 2013

 

Mahala Rai BandaMahala Rai Banda

Kongane av romani-pop, og verdast kanskje beste sigøynarband akkurat no, står på hovudscena på Evanger, laurdag 31. august kl. 22.30. Merk deg tid og stad, for der bør du vere også!

(meir..)

Svetlana Spajić GroupSvetlana Spajic Group

Årets kyrkjekonsert er via til serbisk vokaltradisjon, framført av songarar av absolutt internasjonal toppklasse. Balkanfest er stolte av å kunne å presentere ein bauta innan europeisk folkemusikk, og ei stemme du seint vil gløyme, nemleg Svetlana Spajić og hennar vokalgruppe. (meir..)

Solfrid Molland og Gheorghe Vasile Mollan & Vasile

Solfrid Molland er klassisk utdanna pianist frå Norges Musikkhøgskole, men har farta Europa rundt med eit raudt trekkspel og levd som gatemusikant. Slik har ho fordjupa seg i Romfolket sin musikk., og forma sitt eige musikalske uttrykk. På Balkanfest har ho med seg den rumenske trekkspelaren Gheorge Vasile, og saman tek dei oss med på ei reise inn i romfolket si musikalske verd. (meir..)

ÖstblocketÖstblocket

Nyskriven og tradisjonell party-musikk med inspirasjon frå balkansk, romsk og arabisk musikktradisjon, framført av dyktige svenskar. Topp stemning, enkelt og greit!
(meir..)

Klepti kleptiKlepti Klepti

Balkanmusikken har utan tvil slått rot i her oppe i vårt kalde hjørne av Europa. Faktisk har svenske band vore representert på 4 av 5 festivalar så langt, og no skal også danskane bidra til festen. Denne gongen er det nemlig drengene i Klepti Klepti som skal lokke deg ut på dansegolvet, med si friske, energiske tolking av balkangenren!
(meir..)

The KuraybersThe Kuraybers

The Kuraybers er eit ungt band på alle måtar. Bandet oppstod i oktober 2012, og medlemmene er alle unge, fremmadstormane instrumentalistar som møttes på Norges Musikkhøgskule. Dei har på svært kort tid etablert seg som eit nyskapande, underhaldande band med solide ferdigheiter i botn, og er no å få høyre på klubbar og festivalar nasjonalt og internasjonalt. (meir..)

Balkansangensembelet Ester

Den norske vokalgruppa Ester avrundar årets Balkanfest med vakker fleirstemt, a cappella song frå heile Balkan. Kva kan vel passe betre ein søndag føremiddag etter ei heidundrane festivalhelg? (meir...)

Oslo Brass Band

OBBOslo Brass Band er eit ungt og spanande ensemble som held til i Oslo. Sidan skipinga i 2001, har ensemblet hatt som mål å kunne tilby ei inspirerande, utøvande arena for musikkpedagogar, frilansarar, musikkstudentar og gode amatørar i byen. I tillegg til å stå for årets balkan-workshop for unge musikantar, vil ei gruppe frå bandet presentere ein konsert med underhaldnings- og folkemusikk frå heile Europa! (meir..)

Dj Prinsen Paulista

DJ Prinsen Paulista

DJ Prinsen Paulista rundar, tradisjonen tru, av festkvelden med musikk du berre MÅ danse til! (meir)

 

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger