Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Klepti kleptiKlepti Klepti

Balkanmusikken har utan tvil slått rot i her oppe i vårt kalde hjørne av Europa. Faktisk har svenske band vore representert på 4 av 5 festivalar så langt, og no skal også danskane bidra til festen. Denne gongen er det nemlig drengene i Klepti Klepti som skal lokke deg ut på dansegolvet, med si friske, energiske tolking av balkangenren!

Den unge danske kvintetten har sidan starten kombinert musikalsk vågemot med respekt og kjennskap til tradisjonsmusikken, og hentar stadig inspirasjon frå nye kjelder. Deira andre album,  «Kå-L-Ep-Ti», vart lansert i januar me brask og bram. Ifølge bandet sjølv er plata «et varmt og fantasifuldt manifest», laga med like deler undertrykt humor og balkangalskap og med inspirasjon frå Balkan, Tyrkia, afrobeat, ethiopisk funk, klubbmusikk og dansk bodegastemning.

I tillegg har dei opparbeida seg rykte som eit forrykande, dansevenleg liveband, og har turnert overalt i Danmark, samt i Frankrike, Spania, Hellas, Bulgaria. Mykje tydar altså  på at det kjem til å bli ein fin kveld på Evanger!

Sven Dam Meinild - Sax
Kristoffer Juel Poulsen – Accordion
Mads Bendsen – Syntheziser/orgel
Anders Bo Eriksen – tuba
Kristoffer Lund Sørensen – trommer, tapan

 

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger