Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Mahala Rai BandaMahala Rai Banda

Kongane av romani-pop, og verdast kanskje beste sigøynarband akkurat no, står på hovudscena på Evanger, laurdag 31. august kl. 22.30. Merk deg tid og stad, for der bør du vere også!

I Romania finst det to landsbyar der dei beste musikarane høyrer heime. Ei lang rekkje fiolinistar, trekkspelarar, bassistar og trommeslagarar stammar frå Clejani, sørvest for Budapest, medan ein i Zece Prajini i nordaust finn bortimot verdas største tettleik av messingblåsarar pr. kvadratkilometer.
Nettopp frå desse to landsbyane kjem medlemmene i Mahala Rai Banda. Aurel Lonita, som starta det heile, hadde ei rekkje band-prosjekt på byrjinga av 90-talet, men dop, splitting og stadige utskiftingar gjorde at ingen av dei blei nokon suksess. Ikkje før han sette saman ein nytt band der alt klaffa, og Mahala Rai Banda såg dagens lys.

Mahala Rai Banda kombinerer tradisjonell sigøynarmusikk, ofte i halsbrekkande tempo, med romani-pop og moderne klubbmusikk. Dei har gjort stor internasjonal karriere, og vitja klubbscener og festivalar rundt om i heile Europa og USA. Musikken deira har blitt brukt og remixa av artistar som Shantel og Balkan Beat Box, og er mellom anna brukt i den ikkje ukjende hysteriske komedien «Borat». Dette er rein og skjer festmusikk!

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger