Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Solfrid Molland og Gheorghe VasileMollan & Vasile

Solfrid Molland er klassisk utdanna pianist frå Norges Musikkhøgskole, men har farta Europa rundt med eit raudt trekkspel og levd som gatemusikant. Slik har ho fordjupa seg i Romfolket sin musikk., og forma sitt eige musikalske uttrykk. På Balkanfest har ho med seg den rumenske trekkspelaren Gheorge Vasile, og saman tek dei oss med på ei reise inn i romfolket si musikalske verd.

Molland vaks opp med klassisk musikk, russisk folkemusikk og sigøynarmusikk, noko ein høyrer tydeleg i musikken hennar. Reisa hennar gjennom Europa resulterte i debutalbumet hennar ”Katedral for tapte drømmer” som vart utgjeve på Kirkelig Kulturveksted i 2011, som har vorte svært godt motteke av både kritikarar og publikum. Her kombinerer ho tradisjonell sigøynarmusikk med eigne komposisjonar skrive til ulike katedralar ho vitja på reisa.  Gheorghe Vasile son av den kjende rumenske fiolinisten og songaren Constantin Vasile. Han byrja å spele accordion som 11-åring og utvikla seg raskt til å bli ein virtuos på instrumentet.

Dette blir eit intimt, nært og leikent møte med det musikalske skattkammeret til Europa sin minoritet, Romfolket.

Solfrid Molland - vokal, accordion
Gheorghes Vasiles - vokal, accordion 
Lars Tormod Jenset - kontrabass

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger