Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Svetlana Spajić GroupSvetlana Spajic Group

Årets kyrkjekonsert er via til serbisk vokaltradisjon, framført av songarar av absolutt internasjonal toppklasse. Balkanfest er stolte av å kunne å presentere ein bauta innan europeisk folkemusikk, og ei stemme du seint vil gløyme, nemleg Svetlana Spajić og hennar vokalgruppe.

Svetlana Spajić har i 20 år vore blant dei fremste folkesongarane i Serbia. Ho har fordjupa seg i eldgamle, utryddningstrua songformer og teknikkar frå heile Balkan, som mellom anna tek i bruk mikro-tonalitet, halsbrekkande ornamentering og stor klangleg variasjon. Ho har turnert bokstaveleg talt over heile verda, vitja dei største verdsmusikk-festivalane som WOMEX og WOMAD og konsertsalar som Concertgebouw i Amsterdam, Wiener Konzerthaus og Teatro Real i Madrid. Lista over musikalske storheiter ho har samarbeidd med er for lang til å komme med her, men me kan likevel nemne Evanger-venene og superstjernene i Boban i Marko Markovic Orkestar.

I tillegg til si utøvande karriere underviser ho i folkesong, både heime i Serbia og på utdanningsstader rundt om i verda. I Svetlana Spajić Group har ho med seg fire unge, talentfulle songarar frå heimlandet. Det blir høgtidsstemt og djupt lidenskapeleg på same tid. Gled deg!

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger