Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Dejan Lazarevic Orkestar

Dejan Lazarevic
I august 2013 var Balkanfest Evanger så heldige at me fekk delta med vårt heilt eige balkanband på den enorme Guca-festivalen sør i Serbia. I løpet av festivalen vitjar nesten 600 000 menneske den vesle landsbyen, og ein kan høyre balkanske messingorkester på bokstaveleg talt kvart einaste gatehjørne. Midt i alt levenet høyrde me eit band som spelte med slik kraft, virtuositet, presisjon og energi at me sto der fjetra. Dei var rett og slett i ei klasse for seg!

Det skulle vise seg at det var Dejan Lazarevic og hans orkester me høyrde. Sidan orkesteret vart skipa i 2002 har Lazarevic vunne førsteprisen i Guca, Den Gyldne Trompet, så mange gonger at han fekk heiderstittelen «Master of Trumpet». Orkesteret har turnert over heile Europa og nyt enorm status i heimlandet. Tilbake til augustkvelden i 2013 kjende festivalgeneral Jørn si ”besøkelsestid”, og fekk overtydd gjengen om å komme til Evanger. Derfor har me gleda av å presentere balkansk messingmusikk på sitt absolutt beste!

Dejan Lazarević - trompet og orkesterleiar
Ivan Matović - trompet
Goran Ćurčić - trompet
Branko Lazarević - trompet
Darko Stojić -tenorhorn
Dragan Porcic - tenorhorn
Branko Dimitrijevic - tenorhorn
Srecko Ristovic - tuba
Zoran Stojić - trommer
Darko Mitrović - trommer

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger