Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Divanhana

For fyrste gong vert Balkanfest vitja av eit band frå Bosnia! Divanhana spelar tradisjonell bosnisk musikk, i skjøn foreining med jazz, pop og moderne klassisk musikk. Bandet har spesialisert seg på den særeigne musikkstilen Sevdalinka - urban tradisjonell musikk frå Bosnia og Herzegovina, men framfører også tradisjonell musikk frå heile Balkan, med hovudvekt på songtradisjonane i området.

Bandet vart stifta av unge studentar ved musikkhøgskulen i Sarajevo i 2009, og har sidan den gong spela inn 2 kritkarroste album, samt vitja fleire store jazzfestivalar og verdsmusikkfestivalar i Europa.  Dei siste åra har bandet hatt over 70 konsertar i 13 ulike land!
Den særeigne bosniske musikkstilen Sevdalinka stammar frå den ottomanske erobringa av Bosnia i middelalderen, og omgrepet står for melankoli, lengsel, kjærleikens lengslar og elende. Divanhana har samla desse songane og gjeve dei ein renessanse med nye arrangement og moderne lydbilete.

Det er altså duka for ein stor dose lengting og kjærleik når Divahana entrar scena på Balkanfest Evanger.

Divanhana

- Leila Ćatić (vokal);
- Neven Tunjić (piano);
- Nedžad Mušović (accordion);
- Azur Imamović (bassgitar);
- Danijel Čondrić (gitar);
- Rifet Čamdžić (trommer);
- Irfan Tahirović (perkusjon);
- Borjan Milošević (medprodusent, lydtekniker).

Divanhana på Soundcloud

(til artistomtalar)
(til program)

 

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger