Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Farmers Market

Farmers Market Farmers Market er attende! Dei treng vel knapt nok vidare introduksjon. Farmers Market har klart å bli allemannseige med sin ultravirtuose miks av bulgarsk folkemusikk, jazz, pop, rock, humor og mykje meir. Platene deira er hylla av kritikarar, og heidra mellom anna med Spellemansprisar i 2008 og 2012. I tillegg går dei for å vere eit av noregs aller beste live-band.

Fire av dei fem musikarane i Farmers Market studerte saman på jazzlinja i Trondheim på starten av 90-talet. Bandet starta som ein vanleg jazz-kvintett, men ei felles fascinasjon for truga balkanske taktartar tok musikken deira i ei heilt anna retning. Då saksofonist Håvard Lund forlot bandet i 1995, såg dei til Balkan for å finne erstatninga. Etter prøvespel på ei dårleg telefonlinje frå Bulgaria, blei Trifon Trifonov fast medlem i bandet. Sidan då har dei spelt for fulle hus over alt i verda, mellom anna på Evanger i 2009. Me gleder oss stort til å ha dei attende. Det blir ein fest!

Stian Carstensen (trekkspel, gitarar, fløyter, m.m)
Jarle Vespestad (trommer)
Finn Guttormsen (bass, gitarar)
Nils Olav Johansen (gitarar, vokal)
Trifon Trifonov (saksofon og fløyter)

Farmers market på Soundcloud.

 

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger