Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Fliflet/Hamre og Bergen Big Band

Fliflet/Hamre og Bergen Big Band

Mange kjem nok til å vere litt trøytte søndag føremiddag på Balkanfest. Me kan likevel garantere at ingen kjem til å sovne før langt ut på ettermiddagen.
Det er nemleg ingen ringare en Fliflet/Hamre som skal avrunde årets festival!

Denne energibomba av ein duo har halde det gåande i 24 år, og sluttar aldri å engasjere. Dei har skapt si heilt eiga sjanger, inspirert av all mogeleg musikk frå samtlege verdshjørne, men balkanmusikken med sine uforutsigbare taktartar er kanskje den viktigaste inspirasjonskjelda. Legg til ein god dose humor, galskap og kreative innfall, så har du essensen i musikken deira.

Med seg denne gongen har dei ei anna institusjon i musikklivet på Vestlandet, nemleg Bergen Big Band. Med eit storband av topp internasjonalt kaliber i ryggen, kjem Fliflet/Hamre til å gje deg ei musikalsk oppleving som gjer at du kan reise smilande heim frå Balkanfest 2015!

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger