Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Gjertruds Sigøynerorkester

Gjertruds Sigøynerorkester

Gjertruds Sigøynerorkester spelar virtuos og temperamentsfull sigøynarmusikk frå Russland, Romania og Ungarn. I 2014 feira ensemblet 25-årsjubileum, og like lenge har gruppa samarbeida tett med dei fremste ungarske musikarane innan denne sjangeren. Ensemblet har drive utstrakt konsertverksemd og har gjeve ut seks kritikarroste CD-er. Sigøynarmusikken er prega av brå skifte, frå sår melankoli til fyrrige danserytmar, med element frå kunstmusikk, populærmusikk, jazz og folkemusikk som har smelta saman til ei unik musikkform. Gjertruds Sigøynerorkester er opptekne av å formidle noko av dette mangfaldet, med stemningar frå mørke restaurantar i Budapest, folkefest og dans på landsbygda, jødisk bryllup og norske taterbål.

Solfrid MollandMed seg til Balkanfest har dei Solfrid Molland, som vitja festivalen i 2013. Molland er klassisk utdanna pianist frå Norges Musikkhøgskole, men har farta Europa rundt med eit raudt trekkspel og levd som gatemusikant. Slik har ho fordjupa seg i Romfolket sin musikk, og forma sitt eige musikalske uttrykk. Solfrid Molland vaks opp med klassisk musikk, russisk folkemusikk og sigøynarmusikk, noko ein høyrer tydeleg i musikken hennar. Reisa hennar gjennom Europa resulterte i debutalbumet hennar ”Katedral for tapte drømmer” som vart utgjeve på Kirkelig Kulturveksted i 2011, som har vorte svært godt motteke av både kritikarar og publikum. Her kombinerer ho tradisjonell sigøynarmusikk med eigne komposisjonar skrive til ulike katedralar ho vitja på reisa. (foto: Erlend Berge)

 

Solfrid Molland - trekkspel

Gjertrud Økland - fiolin
Georg Reiss - klarinett/tárogató
Tom Karlsrud - trekkspill)
Pål Thorstensen - kontrabass
Trond Villa - bratsj
Helene Waage - cello/sang
Ernest Bangó - cimbalom


Myspace: www.myspace.com/gjertrudssigynerorkester
Facebook: http://www.facebook.com/gjertruds.no

 

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger