Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Artistar 2015

Dejan LazarevicDejan Lazarevic Orkestar

Årets representant for trubaci-tradisjonen innanfor balkanmusikk er Dejan Lazarevic og hans orkester. Sidan orkesteret vart skipa i 2002 har Lazarevic vunne førsteprisen i Guca, Den Gyldne Trompet, så mange gonger at han fekk heiderstittelen «Master of Trumpet». Orkesteret har turnert over heile Europa og nyt enorm status i heimlandet. (meir..)

FFarmers Marketarmers Market

Farmers Market er attende! Dei treng vel knapt nok vidare introduksjon. Farmers Market har klart å bli allemannseige med sin ultravirtuose miks av bulgarsk folkemusikk, jazz, pop, rock, humor og mykje meir.
(meir..)

DivanhanaDivanhana

For fyrste gong vert Balkanfest vitja av eit band frå Bosnia! Divanhana spelar tradisjonell bosnisk musikk, i skjøn foreining med jazz, pop og moderne klassisk musikk. Bandet har spesialisert seg på den særeigne musikkstilen Sevdalinka - urban tradisjonell musikk frå Bosnia og Herzegovina, men framfører også tradisjonell musikk frå heile Balkan, med hovudvekt på songtradisjonane i området. (meir..)

Fliflet/Hamre og Bergen Big BandFliflet/Hamre og Bergen Big Band

Mange kjem nok til å vere litt trøytte søndag føremiddag på Balkanfest. Me kan likevel garantere at ingen kjem til å sovne før langt ut på ettermiddagen.
Det er nemleg ingen ringare en Fliflet/Hamre som skal avrunde årets festival! (meir..)

Gjertruds Sigøynerorkester

Gjertruds SigøynerorkesterGjertruds Sigøynerorkester spelar virtuos og temperamentsfull sigøynarmusikk frå Russland, Romania og Ungarn, prega av brå skifte, frå sår melankoli til fyrrige danserytmar. Med seg har dei Solfrid Molland, som har farta Europa rundt med eit raudt trekkspel og levd som gatemusikant. Slik har ho fordjupa seg i Romfolket sin musikk., og forma sitt eige musikalske uttrykk. (meir..)

Tibble Transsibirska

Tibble TranssibirskaSvenskane kan dette med balkanmusikk! På Balkanfest har me faktisk hatt med fantastiske svenske balkanorkester på kvar einaste festival sidan 2009. I år er det Tibble Transsibirska som skal vidareføre tradisjonen, og me er trygge på at dei ikkje kjem til å gjere skam på grannelandet. (meir..)

Oslo Brass BandOslo Brassband

Oslo Brass Band (OBB) er tilbake på Balkanfest for tredje gong på rad. Dei skal, i år som tidlegare år, halde workshop for unge lovande blåsarar og slagverekarar og spele konsert i festivalteltet. (meir..)

Balkan Beat PartyDJ Prinsen Paulista

Svein Erik Håkonsen, aka DJ Prinsen Paulista, har drive Balkan Beat Party i Oslo, og på festivalar rundt om i Sverige og Noreg i ei årrekkje. Sidan oppstarten på Parkteateret i 2006, har Balkan Beat Party utvikla seg til å bli eit av dei mest unike, nyskapande og populære klubbkonsepta i Skandinavia. (Meir..)

TubalubaTubabaluba med Askeladden

«Tubabaluba med Askeladden» er ei forestilling for heile familien, full av humor, varme og god musikk. Historia tek utgangspunkt i eventyra om Per, Pål og Espen Askeladd, og det vert både gjenkjenning og overraskingar. (meir..)

 
 
 
 

 

 

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger