Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Oslo Brass Band

Oslo BrassBand
Oslo Brass Band (OBB) er tilbake på Balkanfest for tredje gong på rad. Dei skal, i år som tidlegare år, halde workshop for unge lovande blåsarar og slagverekarar og spele konsert i festivalteltet. OBB er eit av landets leiande brassband. Besetninga er sett saman av frilansarar, musikkpedagogar, musikkstudentar og dyktige amatørar. I tillegg til konsertverksemd i Oslo-området, deltek dei årleg i konkurransane Siddis Brass og NM, med mange gode resultat i elitedivisjonen.

OBB er svært opptekne av å bidra til å inspirere born og unge i skulekorpsa på Austlandet. Kvar veke underviser og dirigerer medlemmane i Oslo Brass Band over 1000 born, unge og vaksne. Kvar haust arrangerer dei Oslo Brassfest, ei inspirasjonshelg for skulekorpsmusikantar i Oslo og omeign.

I tillegg til å vere eit fullbesett brassband med 30 musikarar, kan OBB også stille med ei rekkje mindre ensemble til ulike høve. På Balkanfest stiller dei med eit timanns ensemble, og me kan love underhaldande messingmusikk i balkandrakt av topp kvalitet!

(til artistomtalar)
(til program)

 

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger