Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

DJ Prinsen Paulista

Balkan Beat PartySvein Erik Håkonsen, aka DJ Prinsen Paulista, har drive Balkan Beat Party i Oslo, og på festivalar rundt om i Sverige og Noreg i ei årrekkje. Sidan oppstarten på Parkteateret i 2006, har Balkan Beat Party utvikla seg til å bli eit av dei mest unike, nyskapande og populære klubbkonsepta i Skandinavia.

Med stor kjærleik for tuba, saksofonar og heftige beats frå Aust-Europa, har DJ Prinsen Paulista knust mytene om at brassmusikk ikkje fungerer på dansegolv, gong på gong. Han er ein av få DJ’ar som speler autentisk Balkan- og sigøynarmusikk, og leiter heile tida etter nye musikalske perler, om det så er i ein sigøynarlandsby i Romania, eller på marknaden i Skopje i Makedonia. Som den første DJ’en nokosinne har han spelt på verdas største trompetfestival, Guca-festivalen, etter invitasjon frå sjølvaste Boban og Marko Markovic.

Han er den einaste artisten som har spelt på samtlege Balkanfestar på Evanger, og er nok ein gong klar til å drive deg ut i dansen til morgonen gryr.

 

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger