Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Tibble Transsibirska

Tibble TranssibirskaSvenskane kan dette med balkanmusikk! På Balkanfest har me faktisk hatt med fantastiske svenske balkanorkester på kvar einaste festival sidan 2009. I år er det Tibble Transsibirska som skal vidareføre tradisjonen, og me er trygge på at dei ikkje kjem til å gjere skam på grannelandet.

Bandet har nemleg hatt ei forrykande karriere sidan dei starta opp i 2011. Med djup forankring i romfolket si musikalske skattekiste og nytt eigenkomponert materiale, har dei turnert i Sverige, Finland og Danmark, spelt velgjerdskonsert for tiggarar, opptredd på japansk TV og gjeve ut sitt første album tidlegare i år.

Det heile starta i den vesle byen Tibble i Dalarna, då dei to kompisane Johan Testad og Jonas Runefelt sat saman i ein bil og høyrde på soundtracket frå den tysk-romske filmen «Gypsies are found near heaven». «Fan, tänk om man skulle kunna starta ett band och spela den här musiken!», sa Johan. «Ja, men det kan vi väl försöka? Vi gör det!» sa Jonas. Heldigvis var begge to erfarne musikarar med eit stort kontaktnett, og resten er som kjent, historie.

 

Johan Testad - song og gitar
Jonas Runefelt - domra og song
Mats Jonsson - tuba
Alexandra Särström - saksofon, trekkspel og song
Martin Källgren - slagverk og song
Emil Rotsjö - fele og song

(til artistomtalar)
(til program)

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger