Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Evanger:

Evanger

Evanger er ein gamal handels- og handverksstad i Voss Kommune med omlag 300 innbyggjarar. Det særprega og verna trehus-sentrumet vart bygd i midten av 1920-åra, etter ein storbrann i 1923.
Bygda er kanskje mest kjend for tradisjonsrike produksjonsverksemder av spekemat og korv, men har òg mykje anna å by på.
Evanger har eigen barneskule, barnehage og aldersbustader.

Hausten 2014 fekk me også gjenopna og revitalisert nærbutikk i Evanger Landhandleri. I tillegg til daglegvarer finn ein kortreiste grønsaker, ost, spekemat, og masse andre spanande varer.

Mange små og mellomstore verksemder gjer at Evanger har overskot av  arbeidsplassar i forhold til folketalet.
Kraftstasjonen som ligg 1,5km rett inn i fjellet frå sentrum er BKK sin største, og av dei aller største på Vestlandet.  
Eit aktivt lagsliv, ofte i samarbeid med nabogrendene Brekkhus, Bolstad og Bulken, gjer Evanger til ein god stad å bu, både for små og store.

Me ynskjer særleg å trekkja fram at bygda har vorte berika med tilflyttarar frå andre land og kulturar dei siste par ti-åra, og då særskild familiane frå ex-Joguslavia. Dette har lagt grunnlaget for den største årlege kulturhendinga på Evanger, nemleg Balkanfest.

Evanger

 

Bileta henta frå Voss Now

Kart

 

 

 

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger