Førehandssal av festivalpass på
Ticketco

Hovudsponsor:
Voss Sparebank

Våre støttespelarar:

Voss Energi

Norsk Kulturråd

Voss Kommune
Voss Kommune

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Styve Møbelsnikkeri
Bilxtra
JerniaRokne
 

Praktisk info

Festivalområdet:

Festivalen føregår i den sjarmerande trehusgata midt i Evanger sentrum ( 20 km vest for Voss ).
Her står musikarane på scena, her dansar du til musikken og finn nye vener, her lagar og serverar me maten du kan eta deg mett på, her bur festivalgjester og artistar.
Mykje av festivalområdet er under telt, så du treng ikkje vere redd for å verta våt, men me har ikkje varme i telta, så det kan vere lurt å ta med ein varm gensar….  

Fredag og laurdag kveld er festivalområdet kun for dei over 18 år.
Om dagen er festivalen gratis og open for folk i alle aldrar.

Det er ikkje høve til å ta med mat og drikke inn på festivalområdet, verken på dag-eller kveldstid.

Mat:

Festivalkafèen er open frå fredag kl.16 til søndag kl.15.00 Kaféen tilbyr tradisjonelle kjøtrettar frå Balkan, som Pljeskavica og heilgrilla lam, i tillegg til balkanske kaker , samt øl, vin, juice og ulike typar brus og alkoholfritt.
Det er også råd å kjøpa seg enkel frokost, som rundstykker, både laurdag og søndag morgon ( frå kl 10 laurdag og kl 11 søndag ).

Overnatting:

Festivalcamp/ Sovesal :
Nytt av året er at me lagar til festivalcamp ved grendahuset, ca 5 min å gå frå festivalområdet. Her kan me tilby plass for telt på gras og grus, og oppstillingsplassar for campingvogn og bubil.
Om du ikkje likar å sove ute, kan du få sove inne i grendahuset. Her vert det laga til sovesalar. Ta med underlag/ seng sjølv og ellers det du treng for å sove.
Huset har kjøkken og fine toalett i tillegg til ein dusj.
Pris for telt, campingvogn, bubil : Kr 100,- pr pers for heile helga
Pris for sovesal inne : Kr. 200,- pr pers for heile helga.

Dei som bur på campen får eige armband og campen er kun open for festivalgjester. Her vil vere vaktar heile helga.
Kjøp billett på https://balkanfest.ticketco.no/festival
eller i billettbua under festivalen
Registrer deg ved billettbua når du kjem.

Billettar:

Førehandssal på Ticketco.no , elles sal i billettbua frå fredag kl.16.00.
Bussbillett til nattbuss til Voss fredag og laurdag må kjøpast i billettbua i god tid før avgang.

Billettkjøp/ Armband :
Billettar kan kjøpast i billettbua ved inngangen til festivalområdet. Førehandskjøpte billettar visast i billettluka i byte mot festivalarmband. For å sleppe inn på området på kveldstid, må ein ha gyldig festivalarmband.
Medarbeidarar, musikarar og andre som har akkreditering får også sine band i billettbua.

Betaling

Det er mogeleg å betala med både kort og kontantar på festivalområdet. Det er ikkje minibank på Evanger.

Miljø

Me ynskjer å ha ein god miljøprofil på festivalområdet og vonar du kan bidra med det. Det vil verta utplassert  miljøstasjonar på festivalområdet og me set pris om publikum kan hjelpa til å halda området fritt for avfall.

Tryggleik :

Festivalen set fokus på tryggleik, og vaktar er til ei kvar tid på området. Vaktane ber gule vestar.
Festivalen har også god dialog med politiet angåande tryggleik.
Hugs at festivalen vert helde i eit intimt gatemiljø og ein ber difor om at festivalgjestene respekterer og viser hensyn til dei  fastbuande og eigedomane deira.
Festivalen er slutt kl 01 både fredag og laurdag og ein ber om respekt for dette.

sist oppdatert: 28.08.15
© Balkanfest Evanger